Valldal Safteri
Reine råvarer,
handverk,
tid.
Saft, sylte, gele og most – laga av reine råvarer, med ro og presisjon i kvart ledd.
Kort fortalt
Utval
Saft
Reine smakar, pressa av frukt og bær – laga for å drikkast, ikkje sparast.
Sylte og gelé
Heile bær og frukt, varsam sødme og struktur – frå frukostbord til dessert.
Frisk
Ferdig blanda saft – klar til å drikkast.
Rein
Pressa frukt – ikkje noko tilsett, klar til å drikkast.
Besøk
Besøk oss i Valldal. Her finn du vår butikk og eit utval av produkta våre.
Åpningstider
Åpningstider (Vinter):
Laurdag kl. 11–16
Når vi er i produksjon held vi ofte lyset på – ta gjerne turen innom. Du kan òg ringe oss, så avtaler vi tidspunkt.
Adresse: Syltegata 15
Telefon: 994 69 704
E-post: post@valldalsafteri.no
Andre utsalsstadar
Sjå utsal →Butikk
I butikken finn du eit utval av saft, sylte og gele – og når det passar, også brygg frå Valldal Bryggeri.
Vi oppdaterer utvalet gjennom året etter sesong og råvare. Spør oss gjerne dersom du leitar etter noko spesielt.
Om safteriet
Sidan 1919 har Valldal Safteri vore ein del av frukt- og bærtradisjonen i bygda. Gjennom generasjonar har råvara, staden og handverket vore viktigare enn tempo og volum.
I dag byggjer vi vidare på det same grunnlaget. Vi arbeider i små seriar, med respekt for sesong og råvare, og let smaken styre prosessen – ikkje motsett.
Produkta våre er laga for å brukast – i kvardagen, til fest og som gåve. Enkle i uttrykket, men gjennomarbeidde i innhald.